Jenter frå USA på besøk hos Tambarjentene denne veka

Klikk på bilde for zoom.

Som kanskje ikkje alle veit, har Sunnfjordkommunane Førde, Jølster, Gaular og Naustdal ein venskapsby i USA. Dette er Kent i delstaten Washington, som er ein by med eit innbyggertal på vèl 125 000.

Denne veka og neste har 15 amerikanske jenter, ilag med ein handfull voksne, teke turen til Sunnfjord. Her skal dei bu hjå seks vertsfamilier i Naustdal/Vevring fram til fredag, då dei dreg vidare til vertsfamilier på Sande og vert der ei veke. I 2014 var det berre Naustdal som ynskja å reise over dammen til det storslåtte USA, då gutane i klasse 1999/98 hadde eit fantastisk opphold i amerikanske familier.

Vertsfamiliene i Naustdal/Vevring har lage eit flott program for jentene gjennom heile veka, der ein ynskjer å knyte nokre band mellom Tambar sitt småjentelag og USA-jentene. Her vert det blant anna turar både til sjøs og til fjells, shopping i Førde og treningar ilag på stadion.

Veka vert avslutta med fotballturnering på Naustdal stadion på fredag, der USA-jentene skal spele kampar mot småjentelaget til Tambar og Gaular. Dagen vert avslutta med grilling på Sanden for alle saman.

I dag møttes Tambarjentene og jentene frå Kent for fyrste gong, då dei hadde felles trening på stadion. Sjølv om været ikkje var akkurat slik vi kunne ynskja oss, vart det dei fin økt både for dei lokale jentene og gjestane.

SJÅ BILDER


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse