Deltok på sin aller første fotball-turnering

Tambar Fotball har også denne våren starta opp med nye kull i fotballgruppa, slik vi gjer kvart år når våren kjem. Tidligare år har jenter og gutar som har starta i første klasse på skulen, fått tilbod om å delta på faste fotballtreningar.

Denne våren inviterte vi to nye kull til å være med på treningar framover, då også kullet som skal starte på skulen komande haust, også har fått tilbod om å være med på fotballen.

Og responsen frå gutane og jentene i årsklassane 2010 og 2011 har vore svært oppløftande for komande fotballspelarar i Tambar Fotball, der dei første treningane samla opptil nesten 40 gutar og jenter.

Sist helg deltok årskullet 2010 på sin første Kongleriket Turnering. Klassen stilte med lag både i gute- og jenteklassen til turneringa i Svelgen, der laga fekk spelt tre kampar kvar. På bildet ser vi stolte og glade spelarar som for fyrste gong har kledd seg i drakt med Tambarlogo på brystet.

Trener for Gut 2010 er Eirik Hjørnevik, medan Andrè Eilertsen og Arnt Willy Nesbø har ansvaret for Jente 2010.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse