Tambar a-lag og Tambar SMJ 9er spelar kamp tirsdag kveld

Tirsdag kveld blir det spelt to kampar på Naustdal stadion, med to Tambarlag som kjempar i toppen på kvar sin tabell.

Fyrst ut er Tambar sitt a-lag, som skal ut i 6.divisjonsoppgjeret mot Florølaget Tempo. Etter Tambar sitt stortap mot Anga sist runde, er vi heilt sikre på at karane er sugne på å revansjere det sure tapet i Førde.
Kampen starter kl.19:00.

Tambar SMJ 9er ligg på tredje plass på tabellen, og møter tirsdag kveld Førde 3 på Naustdal stadion. Tambarjentene spelte ein god kamp mot Førde 1 sist runde, men tapte knepent mot eit bra satningslag frå Førde.
Kampen mot Førde 3 starter etter a-lag kampen, omtrent kl.20:45.

Vi håper mange tek turen på kamp denne kvelden, og heier både a-lag og småjentelaget fram til seier.

Kiosken er åpen under begge kampane.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse