Kampar på Naustdal stadion komande veke

Det skal spelast fem kampar på Naustdal stadion komande veke, der dei to yngste laga til Tambar Fotball i seriesystemet skal i aksjon på mandag kveld. Både G9 og G10, som begge spelar 5er fotball, spelar sine kampar samtidig kl.18.00.

Tambar SMG 7er har flytta sin kamp frå tysdag til torsdag (kristihimmelfartsdag), medan Tambar SMJ 7er og Tambar G15/17 begge spelar sine kampar fredag.

I tillegg til kampane på stadion, speler fleire lag bortekamp denne veka. A-laget møter Anga i sin femte kamp for sesongen på torsdag. Kampen vert spelt i Hafstadparken kl. 14:00, og kan vel reknast som ein toppkamp i 6.divisjon avd.2.

Vi fortset vår tippekonkurranse, og denne gongen kan du også vinne pizza frå PEPPES om du tipper rett resultat i kampen Anga-Tambar. Gå til tippinga.

 

Kampar på stadion komande veke:

Mandag 22.mai
Kl.18:00 G9 Tambar-Eikefjord
Dommer: Hanne Heggelund

Mandag 22.mai
Kl.18:00 G10 Tambar-Jølster 2
Dommer: Ingrid Marie Rygg

Torsdag 25.mai
Kl.14:00 SMG 7er Tambar-Askvoll/Holmedal
Dommer: Martin Personbråten

Fredag 26.mai
Kl.17:30 SMJ 7er Tambar-Jølster 2
Dommer: Vidar Standal

Fredag 26.mai
Kl.19:00 G15/17 Tambar-Gaular
Dommer: Martin Hukset


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse