No kan du betale med Vipps i Tambar-kiosken

Tambar Fotball har no utvida betalingsalternativet i kiosken på Naustdal stadion. Tidligare var det berre kontantar som kunne brukast å betale med når ein kjøpte kaffi, nysteikte lappar og anna godt i kiosken.

I fjor gjekk fotballgruppa til innkjøp av betalingsterminal, noko som vi opplever at brukarane av kiosken har sett stor pris på. Og som fotballgruppa har sett at det har vore ein auka bruk av.

Fotballgruppa kan no tilby kundane i kiosken ein tredje betaingsmoglegheit. Vipps har fleire og fleire brukare i befolkninga, og Tambar Fotball slenger seg sjølvsagt på denne trenden. Frå og med i dag kan du bruke Vipps i Tambar-kiosken.

Betalingsnummeret til Tambar Vipps er: 103091.

Søker du opp nummeret til Tambar Fotball på Vipps, vil du sjå av ein enkel meny er lagt inn der. Nemlig dei mest selde produkta i kiosken, kaffi og lapper.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse