Norges Fotballforbund er positiv til rehabilitering av kunstgraset

Jon Flesjå (NFF) og Oddvar Hukset (banetyret).

Kunstgraset på Naustdal stadion vart lagt nytt i 2008, ein stor dag for fotballen i bygda og som gav store forventningar til brukarane. Men ein oppdaga fort at det nye grøne dekket ikkje vart det ein kunne forvente, og mykje irritasjon og frustasjon har prega mykje av fotballopplevelsene på stadion dei siste åre.

Ikkje skal vi skulde på folka i idrettslaget og banestyret som jobba mykje i forkant for å få det beste av kunstgras for ti år sidan. For med forsikringar om at dette dekket skulle være det beste av det nye, forsikringar ein fekk frå både ekspertar og produsent, måtte ei berre tru at dette var det rette produkt for vår fotballstadion.

I ettertid har ein sett at både idrettslag og kommune har blitt «bondefanga» av den såkalla eksperttisen, der til og med fotballkretsen i ettertid innser at dette var eit produkt som ikkje stod til forventningane.

I dag hadde banestyret/Tambar Fotball møte med anleggskonsulent ved Norges Fotballforbund, Jon Flesjå, der vi drøfta rehabilitering av kunstgrasbana. Utifrå dagens møte og inspeksjon av banedekket, vil representanten frå NFF lage ein rapport om tilstanden og anbefaling om skifte av eksisterande dekke.

Håpet vårt er at eit nytt og bedre dekke er på plass i løpet av neste sesong. Og denne prosessen er allerede i gang, der skifting av dekke er allerede komen inn i den nye kommunedelplanen.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse