Ingen tippar får pizza

Heller ikkje i denne runden klarte nokre tipparar å prikke inn rett resultat, då vi var ute etter sluttresultatet 6.divisjonsoppgjeret mellom Tambar og Askvoll/Holmedal tirsdag kveld.

Sjølv om antal tipparar auka kraftig frå sist runde, var det ingen som trudde at Tambar skulle tape poeng i denne kampen. Samtlige 26 tipparar hadde trua på Tambar og la inn tips på heimesiger. Kampen enda som kjent med 2-2 og poengdeling.

Fleire av tipparane hadde tippa rett tidspunkt for kampens første scoring, som var i det 12. minutt.

Dermed vert vi fortsatt sittande med gåvekortet på pizza frå Peppes, og kanskje blir vi «kvitt» det ved ein seinare anledning.

Sjå tipsa som vi fekk inn.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse