Mange deltok på Barnefotballkvelden

Tambar Fotball arrangerte onsdag kveld Barnefotballkveld, der 15 trenere og lagleiarar frå klubben deltok. Gledeleg var det at alle laga til Tambar, i klassane 2010-2005, stilte med trenere. I tillegg var også fleire av lagleiarane med på kurset i kveld.

Instruktør frå Sogn og Fjordane Fotballkrets var Jan Ravnestad. Ravnestad har breid erfaring innan fotballen i Florø, og har blant anna hatt mange trenerverv der i ein «mannsalder».

Ravnestad starta Barnefotballkvelden med ein teoridel, der tema var; Kva er god barnefotball? Med gode diskusjoner fauk tida av gårde!

I siste del flytta vi oss ut på kunstgraset på stadion, der 5 gutar frå G10 og 5 jenter frå J12 venta på oss. I denne praksisøkta viste instruktør Ravnestad, ilag med spelarane, mange flotte øvelser trenarane kan ta med seg tilbake til sine eigne treningar med laga sine.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse