Tambar Fotball har fått ballvegg i gåve

Foto: Bjarte Røyseth

For dei ivrige fotballspelande gutane og jentene i Tambar Fotball, kjem vi her med ein gladmelding. På Naustdal stadion vil ein no finne ein Rebound fotballvegg til bruk både på treningar og fritid. Rebound fotballvegg er ein artig sak, der spelarane kan bruke den åleine eller fleire ilag. Her sparker ein ballen i nettet, og ballen kjem tilbake til deg. Her er det berre fantasien som begrenser kva øvelser den kan brukast til.

Tambar Fotball takker Sunnfjord Industrier, ved Harald Magnus Fitje (bilde), for den fantastisk flotte fotballveggen som dei har gitt til fotballgruppa. I tillegg gir vi ein stor takk til initiativtaker, Bjarte Røyseth, for at Rebound fotballveggen vart ein realitet.

Vi håper fotballfolket set pris på det nye «verktøyet» vårt, og at dei tek godt vare på den.

ØVELSER BALLVEGG


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse