Fleire frå styret på Klubbleiarkurs

Fleire frå styret i Tambar Fotball har denne helga vore på Klubbleiarkurs 2, som vart arrangert av NFF Sogn og Fjordane. Kurset samla klubbar frå Sogn, Nordfjord og Sunnfjord, og hadde fokus på klubbdrift.

Gode og inspirerande innlegg frå representantane i NFF Sogn og Fjordane Rune Sunde, Evy Mariann Rossetvik, Ola Flo Zachariasen og Per Øyvind Sørebø. I tillegg hadde Trine Lerum, direktør Lerum Fabrikker og styreleiar Kaupanger IL, og Førdetrenar Bjørn Totland engasjerande innlegg om sine erfaringar innan fotball og næringsliv.

På bildet ser vi frå venstre Espen Langedal (trenerkoordinator og styremedlem Tambar Fotball), Gunn Steindal (nestleiar Tambar Fotball), Frank Cirotzki (leiar Tambar Fotball), Rune Sunde og Ola Flo Zachariasen (NFF Sogn og Fjordane).


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse