Tambar Fotball vart Eat Move Sleep Ambassadør også i 2017

Tambar Fotball er stolte og glade for at fotballgruppa nok ein gong er blitt plukka ut som Eat Move Sleep Ambassadør. I skarp konkurranse blant mange hundre lag rundt om i Noreg som ynskja å bli EMS Ambassadør, vart Tambar Fotball ein av dei 35 som BAMA og Norges Fotballforbund plukka ut til Ambassadør i 2017.

Leiar for Tambar Fotball, Frank Cirotzki, er svært nøgd med tildelinga og kunne i helga ta med seg beviset frå Eat Move Sleep kick-off på på Ullevål stadion. Han lover at fotballen i Naustdal fortsatt skal ha fokus på sunne produkter i kiosk og salsstader under alle arrangementa til Tambar Fotball. I tillegg er det planer og nye spennande ting i tida framover, men han vil ikkje røpe noko av dette enno. 

På bildet ser vi deligatane frå Tambar Fotball i lag med Bama- og NFF representantane.
Frå venstre: Oddbjørn Hjelmeset (BAMA), Inger Helen Savland Røyseth, Bjarte Røyseth (Tambar Fotball)
og Eirik Loe (NFF).
Framme: Frank Cirotzki og Tone Hjelle Cirotzki (Tambar Fotball).

Haustens fotballhappening på Naustdal stadion, Eat Move Sleep Cup, vil bli arrangert 23.-24.september. Meir om Eat Move Sleep Tambar Fotball finn du her: EAT MOVE SLEEP NAUSTDAL

 


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse