Reine syndefloda prega sesongavsluttninga

Ein lang fotballsesong er no over for samtlige av Tambarlaga, der det flotte haustværet vi har hatt, holdt nesten heilt inn til sesongslutt. Men det vart ein våt slutt for laga som har vore i aksjon dei siste dagane, og på Naustdal stadion var det reine syndefloda torsdag kveld (bilde).

Under finn ein oppsummeringa frå nokre av laga frå kampane sist veke:

Jenter 12 (oppsummering: Ann Kristin Nigardsøy):
Da var vi ferdig med siste kampen for denne sesongen, og jentene avslutta med stil; 5-0 over Kyrkjebø.

Det har vært en spennende høstsesong med mange jevne lag, i forhold til vårsesongen, da hadde vi 8 kamper, 6 seiere, 1 uavgjort og 1 tap, så jentene har fått kjørt seg litt mer i høst og fått bedre motstand, men dei har stått på og heva seg utover høsten og klart seg meget bra.
Dei siste kampene har dei vist skikkelig god fotball. Vi har spilt 10 kamper denne høsten, der det har blitt 5 seiere og 5 tap. Dei kampene vi har tapt, har det vært kun med 1 mål, så vi må si oss meget fornøgd med hva jentene har prestert.

SMJ (oppsummering: Svein Arne Nordheim):
Nok ein god kamp av Tambar sitt småjentelag, som spelte den andre, av i alt to, sluttspelkampen torsdag kveld.

Det vart ein jamn kamp, men med eit lite overtak sjansemessig til Gaular. Men eit knepent 1-2 tap mot Gaular er godkjent frå Tambargjentene. Laget dei møtte på bortebane er tross alt ubeseira i årets serie.
Gode skussmål fekk også Tambar frå Gaulartrenaren, som meiner Tambar har hatt ein god utvikling denne sesongen.

G11 (oppsummering: Svein Arne Nordheim):
Tambar G11 gutane har hatt en flott sesongavslutning. Forrige ukes kamper endte med 7-4 seier borte mot Jølster i G11 klassen, og dagen etter vant dei 7-2 mot Førde 5 i G12 klassen.

Denne uka var det sesongavslutning, og det i det som var topp oppgjøret i kl G11. Svelgen kom på besøk denne onsdagskvelden, og det ble ein ny fin seier til gutane. Etter en kjempeflott førsteomgang (5-0), ble det litt roligare i andre omgang.

Svelgen fekk sette innpå en ekstra spelar, og rommene ble mindre. Og sjølv om vi brente eit straffespark, og Svelgen fekk ei scoring, var seieren aldri truet. Det endte 5-1, og med det gikk Tambargutane ubeseiret i gjennom sesongen. Flott innsats av ein svært treningsvillig gjeng.

Resultater i haust:

Gut 10 Tambar 1

Gut 10 Tambar 2

Gut 11

Gut 12 Tambar 1

Gut 12 Tambar 2

Gut 13/14 7er

Gut 13/14 9er

Gut 15/16 

Jenter 11

Jenter 12

Jenter 13/14

A-lag 5.div


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse