Jentelaget vann 8-2, medan G11 spela 4-4

J15/16 Tambar/Eikefjord-Dale 8-2 (3-1)

Jentelaget til Tambar/Eikefjord hadde grei kontroll, då laget vann konfortabelt mot Dale på Naustdal stadion onsdag kveld. Jentene tok leiinga tidlig i kampen, og leda 3-1 til pause. I andre omgang la jentene på med ytterliggare fem mål, og vann kampen med solide 8-2.

Heile seks spelarar noterte seg i målprotokollen for Tambar/Eikefjord, der både Elise og Lena vart tomålscorarar. Dei andre måla vart scora av Hege, Ingrid, Sandra og Nikoline.

To spelarar frå Tambar sitt småjentelag fekk prøve seg på jentelaget i dag, og begge jentene greide seg godt mot dei litt eldre spelarane.

God dommer: Dan Joar Høiås Vårdal.

 

G11 Tambar-Jølster2 5-5 (1-3)

Tambar møtte eit bra lag frå Jølster på Naustdal stadion i går kveld, i ein kamp som skulle bli jamn og spennande for dei seiersvante Tambargutane.

Det var Jølstergutane som tok tak i kampen frå start av, og kunne gå i 1-0 leiing tidlig i fyrste omgang. Sjølv om Tambar kom meiir med utover omgangen og fekk sett inn eit mål, var det Jølster 2 som kunne gå til pause med 3-1 leiing.

Meir fart vart det over Tambargutane i andre omgang, og laget imponerte då dei snudde kampen i løpet av berre nokre minutter med tre kjappe scoringar og 4-3 leiing. Etter ein spennande avslutning på kampen, enda kampen med «poengdeling» og sluttresultatet 5-5.

God dommer: Vidar Standal.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse