Tre Tambarlag var i aksjon på stadion torsdag kveld

Tre kampar vart spelt på Naustdal stadion torsdag kveld, der vi fekk sjå mykje god fotball av dei unge og lovande Tambarspelarane.

Tambar G12 (bilde) hadde besøk av Florø 1, der gjestane var det mest effektive laget framfor mål. Tambargutane var best i fyrste omgang, og skapte mange og store målsjanser. Med litt meir tur og tolmodigheit, kunne laget fort ha scora både fire og fem i denne omgangen. Med eit mål til Tambar og to til Florø 1, var stillinga 2-1 til Florøgutane.

I andre omgang var Tambar frampå og utligna til 2-2 etter få minutter. Men i denne omgangen tok Florø 1 meir over ute på bana, og sette inn fem mål. Dermed enda kampen 2-7.

God dommer var Martin Personbråten.

 

Tambar G11 møtte Førde 8 i G12 serien denne kvelden, og laget fekk det noko tøft mot dei eit år eldre gutane. Til pause leda Førdegutane 3-0, og med ytterliggare fire mål i andre omgang, enda kampen 0-7.

God dommer var Thomas Personbråten.

 

Tambar J12 spelte sin andre kamp denne veka. Tirsdag var laget i Dale, der laget måtte gå av bana med eit knepent 2-3 tap. Også kveldens kamp skulle bli ein jamn batalje, med Førde 1 på motsatt banehalvdel. Laga fulgte kvarandre gjennom heile kampen, der Førdejentene kunne sette inn det avgjerande målet i sluttminuttet. Kampen enda med 4-3 til Førde 1.

God dommer var Agathe Slettehaug.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse