Storseier til Tambar G11 og Tambar/Eikefjord J15/16 mot Atløy

Både Tambar G11 og J15/16 Tambar/Eikefjord hadde besøk av lag frå Atløy på Naustdal stadion onsdag kveld.

Tambar sitt G11 lag var kjapt frampå med scoring i kampen, og hadde rimeleg bra kontroll på gjestane. Men gutane frå Atløy var slettes ikkje ufarlige, og var nær scoring ved fleire høve i første omgang. Berre ein god Tobias i Tambarmålet gjorde at laget ikkje slapp inn mål i denne omgangen.

Også i andre omgang var Tambar hakke bedre enn motstandaren. Men Tambargutane såg ut til å være noko meir ukonsentrert på slutten av kampen, og Atløy benytta sjansen til å putte tre mål på tampen. Kampen enda med ein konfortabel 10-3 seier til Tambargutane.

God dommer var Vidar Standal.

 

Tambar/Eikefjord J15/16 viste ingen nåde i sin kamp mot Atløyjentene, og kunne gå av bana med storseier på stadion.

Vi kunne ane kva som ville kome i denne kampen, etter ein sjanserik første omgang til heimelaget. Sjølv om Tambar/Eikefjord gjekk til pause med solide 5-0, kunne laget leda mykje om dei hadde scora på dei utallige sjansane sine. 

Også i andre omgang var det total Tambar/Eikefjord dominans, og laget stoppa ikkje før det stod heile 16-0 i målprotokollen. Tambar/Eikefjord ligg på 2.plass på tabellen, to poeng bak lederlaget Askvoll/Holmedal.

God dommer var Martin Hukset.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse