Bli med på Aktivitesveke i Eikefjord 4.-8.juli

Eikefjord Fotball, delvis ilag med Tambar Fotball, arrangerer Aktivitetsveke for gutar og jenter i alderen 10-16 år. Her er det lagt opp til både fotball- og beachvolleyball i Eikefjorden, fotball på kunstgrasbana og volleyball på sandbana i sentrum.

Aktivitetsveka starter mandag 4.juli og varer fram til og med fredag 8.juli. Deltakarar kan melde seg på enkeltdagar eller heile veka.

Kvar dag er det felles lunsj i klubbhuset på Eikefjord stadion. Her kan deltakarane kjøpe seg billig lunsj om ein ynskjer det.

 

Dagane ser omlag slik ut:

Kl.10:00-10:15 Oppmøte - opptelling - Inndeling i grupper
Kl.10:15-12:00 Trening
Kl.12:00-13:00 Lunsj i klubbhuset
Kl.13:00-16:00 Trening

SJÅ MEIR DETALJERT OPPSETT DAG FOR DAG

Lokale instruktører, blant anna G17 spelarar frå Eikefjord og Tambar.

Priser:
Kr. 150.- pr dag u/lunsj
Kr. 200.- pr dag m/lunsj
Kr. 150.- T-skjorte (7 ulike farger)

 

Påmelding: paddy293@hotmail.com

eller SMS: 97605629


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse