Mange mål då Tambarlaga var i aksjon torsdag kveld

Fleire av Tambarlaga var i aksjon med kampar torsdag kveld, og vi har fått inn desse resultata frå kampane:

J12 Eikefjord-Tambar 3-9 (0-6)
Tambarjentene møtte jentene frå Eikefjord på bortebane torsdag kveld, og det vart nok ein seier til trenarane Svein Øverland, Ann Kristin Nigardsøy og jentene.
Jentene frå Tambar leda heile 6-0 til pause, men heimelaget kom sterkt tilbake i andre omgang. Med tre kjappe scoringar frå Eikefjordjentene vart det spenning att i kampen. Men Tambar rodde seieren greit i land, etter ytterliggare tre scoringar, vinn laget 9-3.

BILDER FRÅ KAMPEN J12 Eikefjord-Tambar

G11 Tambar-Førde7 8-0
Tambar sitt G11 lag tok sin fjerde av fire mulige seierer då dei torsdag kveld vann heile 8-0 over Førde 7 på Naustdal stadion. Laget scorar jamnt og trutt i alle sine kampar, og har vunne sine kampar med desse siffera 8-2, 10-1, 4-1 og altso den siste med 8-0.

J15/16 Tambar/Eikefjord-Dale 8-1 (5-1)
Tambar/Eikefjord topper tabellen etter fem serierunder, der laget står med full pott med fem strake seierer. Torsdag kveld var det Dale som måtte gå av Naustdal stadion med tap mot samarbeidslaget, i ein kamp heimelaget vann med konfortable 8-1. Men det var Dale som kom best i gang med kampen, og gjekk opp i ein 1-0 leiing. Kampen var jamnspela mellom laga eit stykke ut i fyrste omgang. Men derifrå og ut, var det Tambar/Eikefjord som styrte det meste, og kunne gå av bana med ein fult fortent 8-1 seier.

Målscorarar var denne gongen Hege Gjesdal (5), Elemine Ellingsrud Øyra (2) og Lena Einevoll.

BILDER FRÅ KAMPEN J15/16 Tambar/Eikefjord-Dale


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse