Resultat kampar for Tambarlaga

Resultat frå kampar på stadion.

Tambar J11 møtte Førde 1 til kamp på Naustdal stadion onsdag kveld. Kampen mellom dei to jamngode laga endte med få scora mål, der gjestane frå Førde kunne gå av bana med ein knepen 2-1 seier.
Dommer: Hanne Heggelund.

Tambar 1 G12 spela også kamp på stadion onsdag kveld. Laget møtte Florø 3 til kamp, ein kamp som egentlig var oppsett spelt torsdag. Det var ein jamn kamp mellom dei to angripande laga, og til pause var stillinga 2-2. Også i andre omgang fylgte laga kvarandre, der Tambargutane drog det lengste strået og vann kampen 7-5.
Dommer: Dan Joar Vårdal Hoiås.

Samarbeidslaget Tambar/Eikefjord J15/16 møtte onsdag kveld sin argaste konkurrent, Askvoll/Holmedal, på heimebana i Eikefjorden. Tambar/Eikefjord hadde grei kontroll på kampen, og kunne gå til pause med ein 5-2 leiing. I andre omgang scora laget fire mål til, og fastsette sluttresultatet til 9-3.

Målscorarar for Tambar/Eikefjord i denne kampen var Hege Gjesdal med heile 5 mål, og Elise Dobbe Personbråten, Lena Einevoll og Ingrid Ask Nordheim med eit kvar. I tillegg eit sjølvmål av Askvoll/Holmedal.

 

Fleire kampar denne veka:

Torsdag 5.mai
Kl.18.00 J12 Tambar-Jølster
Dommer: Thomas D. Personbråten

Fredag 7.mai 
Kl.17.00 G12 Tambar2-Gaular 2 
Dommer: Vidar Standal


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse