Resultat frå kampar til Tambarlaga denne veka

Småjentelaget (J13/14) møtte Hyllestad i sin fyrste heimekamp for sesongen på Naustdal stadion tirsdag kveld. Laget møtte gode jenter frå ytre Sogn, og berre ein svært god Tambarkeeper (bilde) gjorde at ikkje måla rann inn i starten av fyrste omgang. Sjølv om Tambarjentene måtte gå av bana med eit 1-7 tap, skal dei ha for stor vilje og god innsats gjennom hele kampen.

Smågutelaget (G13/14) fekk sin fyrste seier for sesongen, då laget møtte Florø 1 mandag kveld. Med flotte speleforhold på Naustdal stadion sikra gutane seieren med mykje bra spel, og kunne gå av bana med konfortable 6-1.

Tambar J12 var på jakt etter sin andre borteseier, då dei tok turen til Florø onsdag kveld. Laget kom bakpå tidlig i omgangen etter to kjappe mål frå Florø, og til pause var stillinga 1-3. I andre omgang får endeleg Tambarjentene uttelling på nokre av sjansane sine, og henter innatt leiinga til heimelaget. 3-3 stillinga står seg utover omgangen, der Tambar presser på for å sette inn vinnarmålet. I stadenfor vert det heimelaget som dreg det lengste strået, og kan juble for 4-3 seier i ein sjanserik og spennande kamp.

Tambar G11 fekk ein pangstart på sesongen, då laget vann heile 10-1 mot Førde.

Jentelaget Tambar/Eikefjord (J15/16) tok nok ein seier, då laget møtte Gaular på bortebane onsdag kveld. Etter ein forsiktig åpning av samarbeidslaget, løysna det halvvegs ut i omgangen. Med heile seks scoringar når dommaren blåste til pause, var det lite tvil om kor poenga tok vegen.

I andre omgang slapp Tambar/Eikefjord heimelaget litt inn i kampen, og får nokon lette mål imot. Jentene set inn ein liten sluttspurt, og kan dra i land ein solid 9-4 seier.

Måla til Tambar/Eikefjord vart scora av Elise Dobbe Personbråten (2), Hege Gjesdal (2), Elemine Ellingsrud Øyra (2) og Ingrid Ask Nordnes (3).

Tambar sitt gutelag (G15/16) har også fått ein god start i årets sesong. Etter ein sterk 3-1 seier på bortebane mot Florø sist veke, var laget klar for sin fyrste heimekamp onsdag kveld. Motstander for Tambargutane denne kvelden var Hyllestad, som nok stilte på stadion med god sjølvkjensle etter at laget vann sin fyrste kamp heile 16-5 mot Dale.

Tambargutana gav aldri gjestane noko forhåpningar om poeng denne kvelden på Naustdal stadion, og med heile 6-1 seier til våre gutar, var det lite tvil om kven som var det beste laget.

Måla til Tambar vart scora av Emil Savland Røyseth (3), Sander Kibsgaard Nordheim (2) og David Lillehaug.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse