Tambarlaga med god start på sesongen

Trenar Svein Øverland fekk gåva han ynskja, då Tambar J12 (bilde) starta sesongen mot Førde 2 på kunstgrasbana på Halbrend i Førde torsdag kveld.

Jentene starta kampen i høgt tempo, og leda 2-0 etter 6-7 minutter ut i første omgang. Til pause var Tambarleiinga komen opp i 5-2, og jentene sang likså godt bursdagssangen til trenaren medan dei venta på at andreomgangen skulle kome i gang.

Og jentene innfridde også i omgang to, og trenaren kunne returnere ilag med jentene til Naustdal med 8-5 seier i sesongåpninga, og fin bursdagsgåve frå jentene.

 

Resultat frå andre kampar denne veka:

Tambar J11 spelte sin tredje seriekamp mandag, heime på Naustdal Stadion. Jentene møtte eit Florølag som hadde ein mix med 2005/06 spelarar. Motstanden jentene møtte, var noko lettare enn det som dei har møtt tidligare i år, noko som gjorde at dei vann kampen heile 16-4.

Tambar G11 starta sesongen borte mot Førde 6 onsdag kveld, og fekk ein flott sesongåpning med konfortable 8-2 mot Førdegutane.

J15/16 Tambar/Eikefjord tok sin andre seier, av to mulige, etter at laget vann heile 9-2 mot Atløy på Naustdal stadion onsdag kveld.
Måla til Tambar/Eikefjord vart scora av Elise Dobbe Personbråten (3), Hege Gjesdal (3) og Elemine Ellingsrud Øyra (3).


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse