Tambar Fotball arrangerer klubbdommerkurs - meld deg på!

Dommarane på bildet dømte i Kongleriket Turneringa på Naustdal stadion for eit par år sidan. Nokon har gitt seg, medan nokon dømmer kampar også komande sesong.

Tambar Fotball arrangerer KLUBBDOMMERKURS onsdag 13.mars, og er eit tilbod til jenter og gutar frå 13 år som ynskjer å dømme litt komande sesong. Det vert teoretisk gjennomgang av fotballregler der 5er-, 7er- og 9er-fotball er i fokus.

Kurset vert leda av Dan Kåre Esp, som representerer Sogn og Fjordane Fotballkrets. Tambar Fotball sin dommeransvarleg, Svein Arne Nordheim, vil være til stades på kurset.

Fleire har allerede meldt seg på, men vi har plass til fleire.

Om du vil melde deg på, eller lurer på noko i forbindelse med klubbdommerkurset, ta kontakt med Svein snarast på tlf.: 99 40 81 79


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse