Medlemskontigent og treningsavgift

Tambarskjelvar IL sender i desse dagar ut betalingsavgift for medlemsskap i idrettslaget. Styret i Tambar Fotball har fått inn ein del forespørsler om dette. Dette er ikkje treningsavgift for fotballgruppa, men betaling for medlemsskap i idrettslaget. For alle som driv idrett i Tambarskjelvar IL, må ein stå som medlem i idrettslaget.

Treningsavgift for fotballen vil bli sendt ut til spelarane like over påske.

 

Tambarskjelvar IL har lagt ut fyljande info på si heimeside tambarskjelvar.no:

" Du vil ein av dei nærmaste dagane motta betalingskrav på mobil, e-post eller i posten, for medlemskap i Tambarskjelvar IL.

For å delta på aktivitetar i regi av Tambarskjelvar lyt du betale medlemskap i hovudlaget, i tillegg til treningsavgift i særgruppene.

Satsar for medlemskap i Tambarskjelvar er:
Born under 10 år kr 50,-
Born 10-17 år kr 125,-
Vaksne/Enkeltmedlem kr 250,-
Familiemedlemskap kr 400,-

Viktig informasjon:
Vi ber om at alle nyttar riktig kid og kontonummer som framgår av faktura.
Til deg som får betalingskrav i posten, ber vi om at du melder tilbake til Siss-May på stavdalslia@gmail.com telefonnummer og e-post.
Vi ber om at alle medlemmar opprettar brukar og betalar via Min idrett på https://minidrett.nif.no (dette kan du først gjere når du er registrert medlem med e-post).
NIF har lagt ut nokre instruksjonsvideoar for «Min Idrett» på YouTube som enkelt forklarer korleis ein registrer seg, oppdaterer kontaktinfo, medlemsstatus, familieknytning m.m.

Du lyt bære over med medlemsansvarleg om du har fått feil sats – gi ein lyd til stavdalslia@gmail.com!

Velkomen til ein nytt flott idrettsår i Tambarskjelvar! "


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse