Gjekk av etter 14 år som leiar for Tambar Fotball

Bjørn Hundershagen gir seg som leiar for Tambarskjelvar Fotball. Og på årmøtet for fotballgruppa sist veke, vart dette markert med blomster- og gåve overrekking frå den påtroppande leiaren.

Bjørn har lang fartstid i fotballen i Naustdal, og har vore «mister fotball» i bygda i mange år. Han kom inn i styret i fotballen i Tambarskjelvar i 2000, og tok over som leiar i 2002. Dermed reknar vi oss fort fram til at den innflytta Sogningen har sete ved sjefsroret og styrt fotballen med stø hand i bygda i heile 14 år.

Bjørn har vore ein av pådrivarane for mykje av fotballaktiviteten i Tambarskjelvar i den tida han sat som leiar. Blant anna var han med i planlegginga av kunstgrasbana som klubben fekk lagt på stadion i 2008, og som gjorde at trenings- og kamparenaen til fotballspelarane i bygda vart som «natt og dag».

Tambar Fotball har vorte flinke på arrangement, og får stadig gode tilbakemeldingar frå deltakarlag på at det alltid er kjekt å kome på cupar og turneringar arrangert av Tambar Føtball. Fotballgruppa, med leiaren i spissen, har etterkvart opparbeida seg tradisjoner på fotballcup i Naustdalshallen i januar (13-16 år) og i mars (7-12 år). Den største happeningen for fotballgruppa, har utvilsomt vore haustens Bendit Cup. Og kjenner vi Bjørn rett, klarer han nok ikkje å halde seg unna året turnering i oktober, då Tambar Fotball arrangerer den populære landsomfattande turneringa for tiande året på rad.

Mykje kunne vore sagt om Børn sin innsats i Tambar Fotball gjennom mange år. Eit bevis for den gode innsatsen hans, fekk han på årets kretsting. Der vart han tildelt Blå Diplom» for lang og tru innsats i Tambarskjelvar Fotball.

Hedigvis får vi fortsatt bruke Bjørn sin kompetanse i fotballgruppa framover også. Med sin interesse for breiddeidrett og lokalfotball, har han signalisert at han er positiv til å ta i eit "tak" når det trengst. I tillegg vil han framleis bli sittande i banestyret (Naustdal stadion).

På årsmøte vart dette styret valgt for komande periode i Tambar Fotball:

Frank Cirotzki, leiar
Gunn Kristin Steindal, nestleiar
Gunnar Naustdal, kasserer
Tina Savland Lending, styremedlem
Svein Arne Nordheim, styremedlem (ny)
Ann-Kristin Nigardsøy, styremedlem (ny)
Tore Personbråten, styremedlem (ny)


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse