Tambarspelarar på kretslagssamlingar i vinter

Tambarspelarane Elise Dobbe Personbråten og Emil Savland Røyseth er uttekne til Sogn og Fjordane Fotballkrets si kretslagssamling.

Dei 23 uttekne kretslagsspelarane i klasse G2001 møtes lørdag 9.januar på Norfjordeid, og troppen vert redusert ein del til dobbelkamp dei skal ha mot Nordmøre i Sognehallen 23.-24.januar.

For jentene sin del, møtast dei i Eikefjord søndag 10.januar. Bruttotroppen til kretslagsjentene er også 23 spelarar, der 16 av desse blant anna skal spele kamp i Sognehallen 20.-21.februar mot HFK.

Vi gratulerer både Elise og Emil med uttaket, og ynskjer dei lukke til!


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse