Både a-laget og gutelaget avslutter sesongen komande veke

Tambar Fotball sitt gutelag avslutter årets sesong med to kampar på Naustdal stadion denne veka. Laget, som kjemper heilt i toppen i ein jamn tabell, møter Askvoll/Holmedal til kamp på tirsdag. Denne kampen skulle egentlig ha vore spelt tidligare i haust, men skuletur for spelarane gjorde at kampen måtte utsettast.
Også motstanderane frå Askvoll ligg godt an på tabellen, og har før kampen tre poeng forsprang på Tambargutane. Dermed vil Tambar innta andreplassen med seier på tirsdag, à poeng med Askvoll/Holmedal, men med bedre målforskjell.

Torsdag speler laget sin siste kamp for sesongen, då dei møter Florø 2 til kamp på stadion. Om laget ender på "pallplass" får vi altså vite då, der kampen om dei tre første plassane står mellom Gaular, Askvoll/Holmedal, Tambar, Høyang og Førde 2.
TABELL: http://www.fotball.no/fotballdata/Turnering/Tabell/?tournamentId=146985

Smågutelaget skal i aksjon allerede mandag kveld, då laget skal ut i ein vanskeleg kamp mot Førde 2. Motstandarane er eit reint 14 års lag, og som kjent har Tambar ein fin blanding av både 13 og 14 åringar.
Tambar vann det omvendte oppgjeret mot Førde 2, og laget troner før kampen på mandag, åleine på toppen av tabellen.
TABELL: http://www.fotball.no/fotballdata/Turnering/Tabell/?tournamentId=146777

Også samarbeidslaget til Tambar/Eikefjord spelar heimekamp på stadion denne veka, då dei møter Dale til kamp på onsdag. Også dette laget kjempar i toppen av tabellen, og ligg heilt øverst og har med det store sjanser til å få spele om ein KM-tittel i klasse Jenter 15/16 9er.
TABELL: http://www.fotball.no/fotballdata/Turnering/Tabell/?tournamentId=145000

A-laget avslutter sesongen på søndag, då dei tek imot Florø 3 i den siste 4.divisjonskampen på Naustdal stadion for ei stund. Laget har hatt ein tung sesong dette året, og det har vore klart lenge at laget kjem til å spele i 5.divisjon neste sesong.
Også i denne kampen vil mange av gutelagsspelarane bidra, som dei har gjort gjennom store deler av sesongen.

I tillegg til dei overnemnte kampane, speler Tambar 1-Atløy i klasse G11 på onsdag, medan Tambar møter Dale 2 på torsdag i klasse G12.

Kampoversikt:

MANDAG 12.OKTOBER
Kl. 19:00 SMG Tambar-Førde 2
DOMMER: Martin Hukset

TIRSDAG 13.OKTOBER
Kl. 19:00 G15/16 Tambar-Askvoll/Holmedal
DOMMER: Svein Arne Nordheim

ONSDAG 14.OKTOBER
Kl.18:00 G11 Tambar 1-Atløy
DOMMER: Thomas Dobbe Personbråten

Kl.19:00 J15/16 Tambar/Eikefjord-Dale
DOMMER: Martin Hukset

TORSDAG 15.OKTOBER
Kl.18:00 G12 Tambar-Dale 2
DOMMER: Dan Joar Vårdal Hoiås

Kl.19:00 G15/16 Tambar-Florø 2
DOMMER: Bjørn Hundershagen

SØNDAG 18.OKTOBER
Kl.15:00 4.div Tambar-Florø 3

PS. Kiosken er åpen ved alle kampane, med blant anna nysteikte lapper og nytrekt kaffi. PS-PS. Vi oppfordrer foreldre, besteforeldre, søsken og andre til å ta turen på stadion desse dagane. Tambarspelarane set STOR pris på støtte og heiarop !!


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse