Både smågutelaget og J11 med seier på stadion i kveld

SMÅGUTELAGET gjekk ut i eit stort tempo då Florø 3 var på besøk på Naustdal stadion i kveld. Laget var skikkeleg på høgget og vann stort sett alt av taklinger og lot ikkje Florøgutane få mange trekk innad i laget før ein Tambarspelar stal ballen frå dei. Storscorar Emil sendte Tambar opp i 1-0 etter få minutter spel, før Ragnar auka til 2-0 midtvegs i omgangen. Det flottaste målet kom då Emil på ny noterte seg for scoring, og sendte Tambar opp til 3-0. På eit frispark frå om lag midtbane fekk han stjernetreff då ballen sat klistra i vinklen bak ein sjanselaus Florøkeeper. 3-0 var også stillinga til pause. I andre omgang gjorde trenar Håkon Svoen ein del bytte på laget, og vi fekk sjå ein langt jamnare kamp mellom laga. Spennande vart det også, då gjestane klarte å hente innatt Tambar si 3-0 leiing, og 3-3 stod det berre minutter før kampslutt. Men med ei scoring etter corner frå Rodney på tampen, gjekk seieren til glade Tambarspelarar. God dommer var Martin Hukset. TAMBAR SITT J11-LAG møtte Atløyjentene til kamp, ein kamp som skulle bli enda meir målrik enn smågutekampen. Atløy hadde berre med seg fem spelarar frå øya, noko som gjorde at laga i kveld måtte rigge seg til på 5er bane. Litt uvant var det for Tambarjentene å spele på så lita bane att, då laget både i serien i fjor og i år hovedsakleg spelar 7er fotball. Laget frå Atløy tek komandoen i kampen og går kjapt opp til 2-0. Men Tambar våkna retterkvart og utligner til 2-2. Etter det er det jamt fram til pause, der stillinga er 5-5 I andre omgang er det Tambar som er best, scorer flest mål og vinn kampen fortent 8-6 God dommer i kampen er Thomas Dobbe Personbråten.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse