Snart klart for haustsesongen

Bilde

Sommarpausen for Tambarlag går mot slutten, og snart er ein spennande haustsesong i gang. Treningane for dei aldersbestemte laga og a-laget er allerede starta, og det trengst sikkert for nokre av spelarane som skal prestere på bana i ein lang haust. Ikkje alle har lege på latsida i sommer. På Naustdal stadion har det vore organiserte treningar for treningsivrige på tvers av aldersgrupper. Her har spelarar frå 10 til 16 år trena i lag kvar tirsdag og torsdag gjennom heile sommaren, der det stort sett har vore meget bra oppmøte. Initiativtakarane Håkon Svoen og Geir Personbråten har stort sett fylgt treningane, noko som tydeleg har vore eit populært tiltak denne sommaren. A-laget startar haustsesongen allerede tirsdag 11.august, då laget dreg til Sogndal og møter topplaget Fjøra på Fosshaugane Campus. Berre tre dagar seinare tek laget i mot Dale på Naustdal stadion, i den andre haustkampen i 4.divisjon. Mandag 17.august er det skulestart. Denne dagen skal Tambar 1 G9 i aksjon på Naustdal stadion, då dei møter Dale. Onsdag denne veka starter også G11 haustsesongen, då G11 Tambar 2 møter Førde 5 på stadion. Alle kampane på Naustdal stadion denne hausten, finn du i aktivitetskalenderen for "Naustdal stadion" i menyen øverst på sida. Vi gjer oppmerksom på at det kan verte endringar av kamptider/dagar, så det er lurt å kikke immom med jamne mellomrom. Link til aktivitetskalender finn du også her:

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse