Futsal seriespel for aldersgruppa 10-14 år

Sogn og Fjordane Fotballkrets har vedteke at dei vil tilby Futsal seriespel for gutar og Jenter i aldersgruppa 10-14 år. Futsal vert spelt med mindre ball og med redusert sprett, noko som fører til at spelarane får nye og utviklande utfordringar. Futsal vert spelt innandørs på parkett eller sportsgolv, der størrelene på bana og måla er lik handball. Antal kampar pr aldersklasse/serie, blir fordelt over tre turneringsdagar, der vinnar av Futsal-serien i klassane 13 og 14 år, blir tildelt pokal. I klassane 10-12 år vil det ikkje bli generert tabell og rangert premiering. Seriespelet vil føregå helgar i desember og januar, men endelege datoer er enno ikkje sett. Meir info om denne saka vil vi kome tilbake til når ting rundt det nye tilbodet er meir klart.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse