Sommarferie og sommercup for Tambarlag

Då nærmar det seg sommarferie og avslutning på vårsesongen for alle Tambarlaga, berre a-laget står att med ein kamp før dei også kan ta pause. A-laget møter Florø 3 til ein framskutt kamp i Florø i kveld kl.19:00.

Sommar er også tid for diverse cuper og turneringar, og fleire Tambarlag skal delta på ulike cuper denne sommaren.

Trener Sturle Standal og G12 laget reiser til Sogn seinare i sommer, der laget har meldt seg på Lerum Cup i Sogndal.

Trenar Jan Kåre Rygg tek jentene på J12 laget til Ål og skal delta på Ål Cup helga før skulane starter opp att i haust.

Gutelaget og trener Sondre Herstad reiser allerede tysdag morgon, då dei tek den lange bilturen til Kristiansand. Laget skal delta på Sør Cup, og har meldt på lag i klasse G16. Cupen er rimeleg stor, der om lag 500 lag er påmeldt til årets Sør Cup.
I tillegg til Tambar sitt gutelag, er Sogn og Fjordane representert på denne cupen med eit jentelag frå Syril.

Spennande vert det sikker for gutane, som i sin andre kamp i gruppespelet skal møte Jerv på sjølvaste Sør Arena (bildet), der Tippeligaklubben Start speler sine heimekamper.

Gutelaget sine kampar i gruppespelet ser slik ut:

Onsdag kl.11.10 Tambar-Rena
Onsdag kl.16:10 Jerv-Tambar
Torsdag kl.18:30 Tambar-Våg 2


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse