Tipp resultatet i kampen Tambar-Kaupanger

Tambar spelar sin siste heimekamp før sommarferien på fredag, då laget tek imot Kaupanger i den 10.serierunden i 4.divisjon.

Tambar har hatt ein noko tung vårsesong, og har gått på fleire stygge smeller. Laget har som oftast spelt greie fyrsteomganger mot dei laga dei har møtt i vår, men dessverre har andreomgangane vore tilsvarande dårlige, og laget har nok tapt mange av kampane fordi laget ikkje har klart å stå kampen heilt ut.

Før kampen mot Kaupanger står laget med 4 poeng, etter seieren på bortebane mot Dale i den andre serierunden og 2-2 kampen heime mot Sandane i den 6.serierunden. Tambar ligg med det på 11.plass og nest sist på tabellen, med berre Florø 3 bak seg.

Gjestane frå Sogn ligg på ein 6.plass på tabellen med 13 poeng, etter fire seierer og ein uavgjort. Laget har kun ein borteseier for sesongen, den kom mot Dale, der dei vann 4-1.

Både laget og publikum venter på årets første heimeseier på Naustdal stadion. Kjem den mot Kaupanger på fredag?

BLI MED Å TIPP RESULTATET. Tipper du rett, kan du stikke av med eit gåvekort på valgfri pizza frå PEPPES!

Les mer: Tambar-Kvissen


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse