J15/16: Tambar/Eikefjord møter Dale på stadion i kveld

Jentelaget til Tambar/Eikefjord møter i dag Dale til kamp på Naustdal stadion. Samarbeidslaget har vore suverene så langt i sesongen, og har vunne sine tre kampar med mange mål, noko målskilnaden på 25-7 seier det meste om.

Om du vil sjå jentene i aksjon, der dei og trener Tore Personbråten jaktar på ein ny seier, bør du møte opp på stadion og heie på jentene kl.19:00. Kampen var fyrste oppsett onsdag, men er flytta til i dag.

I tillegg til jentekampen, vert desse kampane spelt denne veka:

TORSDAG 21.MAI:
Kl.17:30 G12 Tambar-Florø 1

FREDAG 22.MAI:
Kl.19:00 4.div Tambar-Sandane

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse