Tambar Kvissen: Tipp resultatet Tambar-Førde 2

Også denne veka prøver vi å kvitte oss med eit gåvekort på valgfri pizza frå PEPPES. I dei to siste rundene av Tambar Kvissen har ingen av tipparne klart å treffe med rett tips. Klarer nokon det denne gongen, skal tru?

I den fjerde runden i 4.divisjon skal Tambar ut i lokalderby og tek turen til Hafstadparken og møter Førde 2 fredag kveld.
Her kan Tambarspelarane risikere å treffe på fleire spelarar frå Naustdal, som no aksler den kvite Førdedrakta. I tillegg vil fleire av Tambar sine Førdegutar kanskje treffe på kjenningar på den andre banehalvdelen når kampen vert blåst i gang.

Tambar gjekk på tap mot Skavøypoll heime i sist runde, og vi tippar dei ynskjer å vise seg frå ei bedre side enn kampen heime på Naustdal stadion. I tillegg har Tambar 1-0 seier mot Dale og 2-4 tap mot Fjøra.
Førde 2 på si side, har spelt to kampar og vunne begge. 3-2 mot Skavøypoll og 2-1 mot Vik.

Kva trur resultatet blir i lokaloppgjeret?

Les mer: Tambar-Kvissen


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse