Sesongstart for fleire Tambarlag denne veka

Denne veka startar fotballsesongen for fullt for tre av Tambar sine lag, noko både spelarar og trenarar har sett fram til. Alle tre laga som skal i aksjon denne veka, spelar sine kampar på Naustdal stadion, og som alltid er kiosken åpen når Tambarlaga speler kamp. Vi håper mange tek turen på stadion, både denne veka og utover sesongen, for å støtte dei flinke fotballspelarane vi har i bygda.

Gut 15/16 er det første laget som skal i aksjon på stadion, då dei møter Førde 3 til kamp allerede i dag. Gutelaget og trener Sondre Herstad har spelt fleire treningskampar fram mot sesongstart, og lagat speler 11er fotball denne sesongen. Oppmann for laget er Alexis Thingnes.

Gutelaget i klasse 2005 spelar sin fyrste kamp på onsdag, som vert ein forkamp til a-laget sin kamp like etter. Laget har meldt seg på i ein klasse over i årets sesong, og speler med det i klasse G11. I kampen på onsdag er det Førde 5 som er motstander. Trenere for laget er Roger Edvardsen og Svein Nordheim. Lagleier er Ann Kristin Dobbe Personbråten.

A-laget møter seriefavoritt i 4.divisjon i sin fyrste kamp denne sesongen, då dei tek imot Fjøra til kamp på stadion onsdag kveld. Tambar har sidan sist sesong hatt mange utskiftingar av spelarar, og blant anna er fleire spelarar frå Tambars gutelag med i troppen til a-laget på onsdag.
Trenere for a-laget denne sesongen er Gunnstein Vefring og Espen Langedal. Oppmann for laget er Jan Magne Langedal.

Kampar på stadion denne veka:

Tirsdag 14.april
Kl.19:00 G15/16 TAMBAR-FØRDE 3

Onsdag 15.april
Kl.17:30 G11 TAMBAR-FØRDE 5
Kl.19:00 4.DIV TAMBAR-FJØRA


Oversikt over alle Tambarlaga og terminliste: http://www.fotball.no/fotballdata/Turnering/Terminliste/?tournamentId=145683
Oversikt over alle kampar på Naustdal stadion: http://www.klubbinfo.no/tambar/cat_naustdal_stadion.html

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse