Naustdal stadion er STENGT for all bruk !!

Naustdal stadion vert stengt for all bruk med umiddelbar virkning! Dette gjeld i fyrste omgang treningar og anna bruk av bana og stadionområdet. Kampar på stadion for vårsesongen vil bli ramma, trulig vil også haustkampane bli amputert.

Den dramatiske beskjeden kom frå Naustdal kommune og forskere fra Norges geologiske undersøkelse (NGU) tirsdag ettermiddag, etter at det er funne store forekomster av giftige stoffer i grunnen i og rundt stadionområdet. Folk frå kommunen, kommunelækjaren og NGU sat tysdag kveld i møte for å drøfte korleis ein skulle handtere saka vidare, og fyrste tiltak vart altso at Naustdal stadion vart stengt for all bruk.

Stoffa som no er avdekka på stadion, er etter det vi forstår, store mengder med arsen, bly og kvikksølv. Dei fyrste prøvene som er teke, viser innhold av dei farlige stoffa langt over grensa for det helsemyndigheitene meiner er forsvarleg.

Det var under arbeid med utbygginga av det nye tilbygget til hallen, at dei giftige stoffa vart oppdaga. Etter at entreprenøren hadde teke grunnprøvar for byggestart på bygget som etter planen skal stå klart til vektløftar EM, vart prøvene rutinemessig sent inn til NGU (Norges geologiske undersøkelse).

For fotballen vil dette bli dramatisk, då både treningar og kampar ikkje vil kunne bli avvikla på stadion på lang tid.
Styret i fotballgruppa var tysdag kveld samla for å prøve å finne løysningar for tida framover. Slik det ser ut no, vil fotballgruppa ta i bruk Kommuneparken til treningar for dei fleste laga. Også kampar kan gjennomførast her, både 5er, 7er og 9er fotball er det plass til.

I tillegg har fotballgruppa vore i kontakt med klubbar i nærområde, der ein ynskjer å leige baner for å avvikle Tambar sine heimekampar. Så i verste fall kan det bli slik at nokon av laga må spele sine heimekampar i Gaular og på Skei i Jølster. ( Florø, Førde og Eikefjord har alle stor aktivitet på sine anlegg, og har ikkje muligheit for utleige i sesongen).

Fotballgruppa kaller inn til møte like over påske, og ein håper då at nye treningstider og kamparenaer er klare.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse