Forsikringar og Idrettens Skadetelefon

Ein ny fotballsesong er like rundt hjørnet, og før sesongen starter er det greit å ha alt på plass. Både rett type sko som passer foten til pjokken og underlaget skoen skal brukast på er sjølvsagt viktig. (Fargen på skoa er faktisk det minst viktige, sjølv om ikkje alle er einige om det).

I ein lang fotballsesong kan sjølvsagt uhellet være ute, uavhengig av type sko og utstyr, og at spelaren vert skada og sett ut av spel for ein kortare eller lenger periode. I nokre tilfeller er skaden så alvorleg at ein begynner å tenke på om spelaren er forsikra.

Difor er det greit å vite at alle spelarar som speler på lag i Tambar Fotball er skadeforsikra. Skadeforsikringa er ein standard forsikring, som dekker ein del av det mest nødvendige om uhellet skulle være ute. Ynskjer ein ei bedre forsikring som både dekker meir og gir deg kjappare tilgang til behandling, går det an å ta ei utvida skadeforsikring. Denne må spelaren sjølv betale.

Les meir om FORSIKRINGAR: http://www.fotball.no/Kretser/oslo/Regler-og-Retningslinjer/Nytt-for-sesongen-2015/Forsikring/
Les meir om UTVIDA FORSIKRING: http://www.fotball.no/nff/fotballforsikring/2011/Hvorfor-utvidet-forsikring/

IDRETTENS SKADETELEFON:
Idrettens Helsesenter er eigd av Norges Fotballforbund, og gjennom fotballforsikringen kan alle fotballspelarar ringe IDRETTENS SKADETELEFON for blant anna å få eit kvalitetssikra og godt behandlingstilbud i nærmiljøet som dekkes av fotballforsikringen.

Ring Idrettens Skadetelefon på 02033, og Norges Fotballforbund gir deg same tilbud som til landslagspelarane:
• Spesialister på fotballskader
• Helsepersonell med spesialkompetanse på fotball- og idrettsmedisin
• Bestilling av utredning og behandling
• Tilgjengeligheit og oppfølging
• Utredning innen 24 timer (MR-undersøkelse)
Åpen alle dager mellom kl.09.00 og 21.00.

Medisinsk ansvarlig: Landslagslege Thor Einar Andersen

Les meir om IDRETTENS SKADETELEFON: http://www.fotball.no/nff/Idrettens-Helsesenter/2010/-Idrettens-Skadetelefon-spesialister-pa-fotballskader/

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse