Trenings- og kamptider oppdatert i kalender

Terminlistene for Tambarlaga sesongen 2015 er byrja å bli klar for dei fleste av laga. I «Aktivitetskalenderen for Naustdal stadion» er kampane til dei aldersbestemte laga, samt a-laget, lagt inn. ( Link finn du øverst i menyen på framside -> «Naustdal Stadion»).

Når sesongen er i gang, blir det ofte nokre flyttingar av kampar. Difor er det lurt å ta turen innom kalenderen for å halde seg oppdatert på eventuelle endringar.
Klikker ein på kampane i kalendren, vil ein i tillegg sjå kva dommer som er sett opp til kvar enkelt kamp. Dommer er enno ikkje lagt inn.

Treningstidene som ligg i kalender, går til sesongen starter. Ved sesongstart vert det nye treningstider, tider som blant anna må tilpassat kampane.

For ordens skyld informerer vi om at G11 og a-laget spelar årets fyrste kampar på Naustdal stadion. Onsdag 15.april klokka 18.00 spelar Tambar 2 mot Førde 5 i klasse G11, medan 4.divisjonslaget møter Fjøra til kamp klokka 19.00.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse