Espen og Gunnstein på Trainee kick-off

Foto: Ola Flo Zachariasen, SFFK.

I tillegg til å ta på seg trenaransvaret for Tambar sitt a-lag denne sesongen, er Espen Langedal og Gunnstein Vefring også blandt årets deltakarar i SFFK sitt Traineeprosjekt.
Sist lørdag var første samling og kick-off for deltakarane på Nordfjordeid, og no ventar jobbing i klubben for deltakarane før neste samling i mai.
Frå heimesida til SFFK har vi henta dette etter den første samlinga:

" SFFK sitt Trainee prosjekt er ein del av SFFK si satsing på leiar- og trenarutvikling. Kretsen gjer mykje på dette området allereie, men ein har sett at det vert rekruttert for få leiarar/trenarar i aldersgruppa 18-30 år.

Dette ønskjer SFFK å gjere noko med. Derfor har me satt i gang kull nummer to i traineeprosjektet.

Målsettinga med prosjektet er å være med på å forme og utvikle framtidas leiar- og trenarprofiler i fotballen i fylket.

Prosjektet er finansiert med midlar frå sparebankstiftinga og SFFK sine eigne midlar.

SFFK har plukka ut 11 stk. Desse er bra fordelt på alder, kjønn og geografisk i fylket.

Deltakarane er:

Preben Evebø, Stryn
Alexander Lekva, Førde
Jon Simen Myrstad, Eid
Sondre Nordnes, Eid
Marius Kloster, Sogndal
Martin Dolvik, Sogndal
Marthe Agledal, Florø
Arne Nybø Gangeskar, Breimsbygda
Camilla Refvik, TMFK
Espen Langedal, Tambarskjelvar
Gunnstein Vefring, Tambarskjelvar

Desse deltakarane møttes for fyrste gong i prosjektsamanheng. Prosjektet går over 10 månader og deltakarane skal jobbe med prosjekter for klubb/krets, i tillegg til fellessamlingar. På fellessamlingane legg SFFK opp til motivasjonsforedrag frå profilerte leiarar og trenarar i fylket. Gjennom prosjektet skal kvar deltakar ha ein mentor som samtalepartnar i prosjektarbeidet. Her har SFFK fått med seg mange dyktige og profilerte leiarar og trenarar frå fylket. Utan desse og forankring i klubbane til deltakarane hadde det ikkje blitt noko prosjekt. "

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse