Treningstider Naustdal stadion

Det er for tiden glimrande treningsforhold på kunstgrasbana på stadion, og som de ser på bildet er no heile bana fri for snø.
Fleire av laga til Tambar Fotball har den siste tida flytta treningane sine frå hallen og ut på kunstgraset, og fleire blir det nok om det milde været held seg slik som no.

Underteikna er no i gang med å sette opp treningstider på stadion. Tidene som vert sett opp no blir midlertidige treningstider, og vil vare om lag fram til seriekampane starter.
Om laga ynskjer treningstid ute, ber vi trener/oppmann for lag gi beskjed om ynskja treningstid til underteikna på mail: frankcirotzki@gmail.com .

Merk: Fleire lag vil få same treningstid (gjeld spesiellt når serien har starta) då laga ofte klarar seg med 1/4 eller 1/2 bane.

Kampoppsett for serien i dei aldersbestemte klassane er enno ikkje sendt ut frå SFFK. Så snart desse er klar, vil dei bli lagt inn i kalenderen.
Kampane til a-lag 4.divisjon er allerede klare, og er no lagt inn i kalender.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse