Fotball for alle?

Kva er det som får ein tidlegare profesjonell fotballspelar til å skrive spennande bøker for barn? Og kvifor har ein journalist med tidlegare laber fotballinteresse no oppdrag for ein av dei største klubbane i verda, Liverpool FC? 12.februar i Hafstadparken kan du møte begge to.
Dei skal fortelje om kva fotball har betydd for dei, frå eit spelar- og frå eit supporterperspektiv. Det vert også paneldebatt om "fysisk aktivitet for alle".

Ny satsing
Det er Sogn og Fjordane fylkeskommune ved Den kulturelle skulesekken, Fylkesbiblioteket og rådgjevar for fysisk aktivitet som står bak arrangementet. Målsetjinga med arrangementet er å formidle litteratur til barn og vaksne på ein ny måte og på ein ny stad, i fotballgarderoben. Vi ynskjer også skape debatt kring visjonen i regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2014 - 2017; «fysisk aktivitet for alle». Målgruppa for arrangementet er fotballspelarar i årsklassane 2002, 2003 og 2004, saman med foreldre, trenarar og leiarar for desse.

Program

Oppmøte og registrering kl. 17.00

Forfattarbesøk, 17.15 – 18.30
•Ragnhild Lund Ansnes, forfattar av «Liverpoolhelter»
•Arild Stavrum, forfattar, tidlegare trenar og fotballspelar

Gjennom høgtlesing, videosnuttar og forteljingar viser Ansnes og Stavrum korleis fotball og lesing kan gjere oss til ein betre spelar, lagspelar og kanskje også til eitt betre menneske? (Ansnes og Stavrum deltek også i paneldebatten.)

Treningsøkt for barna, 18.40 – 20.00 (Utandørs, ta med fotballutstyr)

Paneldebatt, 18.40 – 20.00

MEIR INFO OG PÅMELDING: http://www.sfj.no/cmssff/cmspublish.nsf/pages/Kurs%20og%20konferansar?open&qm=wcm_1,27,0,0

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse