Lena skal spele kamp for J15-kretslag i Stryn

Tambarspelar Lena Einevoll er ein av dei uttekne til Sogn og Fjordane Fotballkrets sitt J15-kretslag, som samlast til treningar og kamp i Stryn siste helga i januar. J15-kretslag har ein bruttotropp på over 20 spelarar, der 16 av desse er uttekne til samlinga i Stryn.
Vi gratulerer med uttaket og ynskjer Lena lukke til!

SFFK sitt J15-kretslag møter Nordmøre og Romsdal FK til kamp i Stryn lørdag 31. januar. Til samlinga er følgjande tropp tatt ut:

Johanne Vedvik, Tornado Måløy FK
Marthe Bjørhovde, Eid IL
Thea Bjelde, Sogndal IL Fotball
Lone Cirotzki, Sogndal IL Fotball
Ylinn Tennebø, Tornado Måløy FK
Siri Sandvik, IL Bjørn
Anna Østvik, Førde IL Fotball
Miriam Vilnes Mjåseth, Askvoll Holmedal IL
Alise Takvam, Gaular IL
Siv Reagan Hickman, IL Syril
Kristi Vangsnes, IL Syril
Stine Gjerde, IL Syril
Lena Einevoll, Tambarskjelvar IL
Hedda Øvreberg, Stryn T&I
Marthe Skjerven, Hafslo IL
Kristine Strøm, Eid IL


Trenarar er Leif Arne Tveit og Audun Rørvik

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse