Sondre Herstad ny trenar for gutelaget

Det vart i kveld klart at Sondre Herstad (bilde) tek over trenaransvaret for gutelaget (G15/16) til Tambar Fotball, etter samtale med leiar og nestleier i fotballstyret i kveld. Fotballgruppa er særs nøgd med å få med Sondre inn i trenarstaben, og han startar trenargjerninga si i klubben fyrstkomande mandag.

Sondre er sjølv aktiv fotballspelar, og spela på dei aldersbestemte laga til Tambar når han var yngre. I dei siste åra har han spelt fotball i Førde, medan han sist sesong var ein viktig spelar for Eikefjord i 5.divisjon. Sondre seier at han fortsatt har lyst å fortsette sin eigen utvikling som spelar, og at 4.divisjonsspel for Tambar komande sesong ikkje er utenkelig.

Tambar Fotball har inngått avtale med den nye trenaren ut vårsesongen, då er er noko uklart kvar Sondre gjer frå hausten av.
I tillegg til Sondre, fortset Alexis Thingnes som oppmann for laget.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse