Treningstider i hallen vinter 2015

Treningstidene for vinteren i Naustdalshallen er no klare. Vi har fått brukbart med tid til dei laga som har meldt behov for trening inne, men gjer merksom på at nokre tider kan bli endra.

I tillegg til treningstidene på vekedagane, vert det også muligheit for nokon lag å trene lørdag/søndag.
Vi oppfordrer laga å bruke innetida effektivt. Oppvarming før speleøkt i hallen, som ein gjer enkelt ute med ein joggetur. Halltreninga er fin til å terpe på tekniske øvelser og styrketrening.

Naustdal stadion vert ikkje brøyta for snø i vinter, og vert dermed ikkje tilgjengeleg om vi ikkje får ein mild vinter.
Det vil bli leigd treningstid ute for enkelte lag (i Eikefjord og/eller Førde). Leigeavtaler er enno ikkje klare.

Spørsmål vedr. treningstider kan rettast til leiar Bjørn Hundershagen, evt. Frank.

Treningstidene finn du i lenka under:

Les mer: Trening inne


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse