Tre spelarar frå Tambar Fotball utteken til kretslagssamling

Bilde: Lena Einevoll

Tre spelarar frå Tambar Fotball er tekne ut til kretslagssamlingar i regi av Sogn og Fjordane Fotballkrets for sesongen 2015, og allerede i dag og i morgon er det samling for to av dei tre.

Elise Dobbe Personbråten er teken ut på kretssamling med J14, der dei uttekne spelarane frå fylket møter til treningar på Eid idrettspark fyrstkomande søndag.
26.januar er det samling for kretslag J14 i Eikefjord, der det også vert spela treningskamp.

Lena Einevoll er teken ut på kretslag J15, og skal møte ilag med dei andre uttekne spelarane frå fylket i Høyanger i dag.
17.januar møtest kretslag J15 att i Høyanger, då det blant anna vert kamp kretslag J15-Høyang damelag.

Emil Savland Røyseth er teken ut på kretslag G14, der dei uttekne spelarane møter i Florø 14. og 21. januar til treningsøkter.
31.januar-1.februar samlast kretslag G14 i Stryn til treningsøkter og treningskamp mot Sunnmøre FK.

Vi gratulerer spelarane frå Tambar Fotball med uttaket, og ynskjer dei lukke til !!

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse