Martin og Samson på rekrutteringsdommer-kurs i Florø

Sist helg arrangerte Sogn og Fjordane Fotballkrets dommerkurs i Florø, der to lovande dommarar frå Tambar Fotball deltok.
Både Martin Hukset og Samson Vonen gjennomførte rekrutteringsdommer-kurset, og kan med det dømme 11er fotball frå og med fotballsesongen 2015.

Begge Tambardommarane har vore klubbdommarar denne sesongen, og har dømt 5er, 7er og 9er fotball på Naustdal stadion. No kan dei altso i tillegg dømme 11er fotball.

Vi gratulerer dommarane, og ynskjer dei lukke til med sesongen!

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse