Prisar til Gunnar, Vegard og Frank under Miljøhelga

Under Miljøhelga som Sogn og Fjordane Fotballkrets arrangerte på Rica Sunnfjord i helga, vart det delt ut mange prisar. To av prisane i år gjekk til personar frå Tambarskjelvar Fotball, medan Firdaprisen gjekk til tidligare Tambarspelar og storscorer.

Både Gunnar Naustdal og Frank Cirotzki vart tildelt Blå Diplom frå SFFK. Blå Diplom vert delt ut til personer for «takk for særskilt godt arbeid for fotballsporten i Sogn og Fjordane.»

Gunnar fekk den velfortente utmerkinga etter at han i fleire titals år har gjort ein god jobb for fotballen i klubben. I dei ti siste åra har han vore med og lagt til rette for dei ulike cupar Tambar Fotball arrangerer kvart år, og endå lenger har han sete som kasserer i fotballgruppa. Gunnar har også lang fartstid som styremedlem i fotballgruppa.

Frank har ikkje vore med like lenge som Gunnar i Tambarskjelvar. Han starta opp fotballgruppa si heimeside i 2006, ei heimeside som han fortsatt driftar med mange tusen besøk kvar månad. I tillegg finn vi Frank som nestleiar i fotballgruppa, og har i tillegg, med resten av styret, ansvar for dei ulike cupane Tambar Fotball arrangerer kvart år.

Vegard Savland vart av avisa Firda kåra som den beste spelarane i årets 3.divisjon, og fekk utdelt Firdaprisen under Miljøhelga. Vegard scora heile 15 mål for Stryn etter overgangen frå Tambar i sommar, og vart med det toppscorer for sin nye klubb. I tillegg scora han heile 17 mål i vårsesongen for Tambar i 4.divisjon.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse