Fotballfamilien møtes til Miljøhelga på Rica Sunnfjord i helga

Denne helga vert Miljøhelga arrangert på Rica Sunnfjord i Førde. Miljøhelga er fagforum og uformelt treffpunkt for trenarar,leiarar og dommarar og for alle som er glad i fotball, og vert arrangert av Sogn og Fjordane Fotballkrets.

Tambar Fotball vil som vanleg stille med fleire representantar til Miljøhelga, der fleire frå styret i fotballgruppa og trenarar for aldersbestemte lag deltek.
Forutan fagleg påfyll og inspirasjon, vil det bli delt ut ulike utmerkingar til ildsjeler i klubbane i fylket og festmiddag lørdag kveld.

Desse førelesarane vert å høyre og sjå under Miljøhelga:

GITTE THERKELSEN,det Danske Fotballforbundet
(DBU) og koordinator A-landslaget for damer.

DAVY WATHNE, TV2 kommentator og ihuga
fotballentusiast vil halde styr på eit spennande
trenarpanel som vil diskutere "Spelarutviklinga
i SFFK". I panelet finn vi HÅKON GRØTTLAND,
Fagansvarleg -Spelarutvikling NFF, EIRIK BAKKE,
påtroppande trenar i Sogndall Fotball og
mangeårig fotballproff og TERJE ROGNSØ,
suksessrik trenar i Florø SK.

TERJE HAUGE, internasjonal dommar og
dommarutviklar region Vest.

BRAD DOUGLAS, sjef for Coerver Coaching Europa - vil
fokusere på trenarrollen og gi gode tips til effektiv ferdigheits-
trening og kan skissere løysingar til ulike trenarutfordringar.

ULLERN FOTBALL, ein Oslo-klubb, som har
klart kunsten å kombinere topp/breidde -
ein veldreven klubb med godt forankra
verdiar.

STIG ARVE SÆTHER, NTNU,universitetslektor og
fotballforskar med norsk talentutvikling som tema.

GØTT OG GALE MED GAMANGUTANE - Torstein Tvinnereim
og Roy Aron Myklebust lovar ein halvtime fryd &gaman
under Miljøhelga. Dei stiller med godbitar frå sitt
rikhaldige humorarkig, og syr saman eit program som
garanteret blir eit flott oppspark til middagen.

Fullstendig program finn du her: http://www.fotball.no/Documents/Kretser/Sogn_og_Fjordane/Krets/Samlingar/Program%20til%20Milj%C3%B8helga%202014.pdf


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse