Frå 5.divisjon til Tippeligaen på eit år?

Tambar sin tidligare superspiss og målgarantist, Vegard Savland, fortset å bøtte inn mål, akkurat slik han gjorde i Tambardrakta i fjorårets haustsesong i 5.divisjon og vårsesongen i 4.divisjon i år.
I sommar meldte 3.divisjonslaget Stryn sin interesse for storscoraren til Tambar, og Vegard var klar for 3.divisjonsspel med Nordfjordlaget då haustsesongen starta.

Ikkje uventa vart det scoring på unge hr.Savland allerede i sin fyrste kamp for Strynelaget, då han debutere på si nye heimebane mot Sogndal 2. Og det er ikkje mange kampar han har gått av bana utan nettkjenning for sin nye klubb. Heile 15 gonger har han sett ballen i nota, på dei 12 haustkampane han har spelt.

I tillegg til måla han har scora for Stryn i haust, står Vegard med heile 18 mål for Tambar i vårsesongen og han stoppa totalt på respektable 33 nettkjenningar denne sesongen.

Ein slik målteft Vegard har hatt denne sesongen, får sjølvsagt augene opp hjå andre klubbar rundt om i fylket. At Tippeligaklubben Sogndal no viser interesse for målmaskina frå Naustdal, kjem ikkje som noko bombe på oss. Vegard har trena med Sogndal 2 i heile haust, medan han har spelt for Stryn, og trenarane på Sognelaget har nok sett kva som bur i kraftpluggen. Ikkje uventa har Tippeligaklubben sin nye trenar, Eirik Bakke, vore på treningsfeltet og beskua Naustdalskaren og har no invitert Vegard til treningar med a-laget.
Etter planen skulle Vegard ha trent med Sogndal sist veke, men dette vart utsett då ikkje alt var klarert. Eirik Bakke seier til avisa Firda, at det han og Sogndal 2-trenaren har sett, gjer at Vegard kan være rett spelar for Sogndal og at det handlar om at han tek vare på sjansen når han får den.

Vi ville sjølvsagt hatt Vegard med i Tambartroppen i 4.divisjon framover. Men vi såg tydeleg at han hadde større ambisjoner enn dette då han spela for klubben i fjor haust og årets vårsesong. Vi heier sjølvsagt på Vegard, og har trua på at han kan lukkast i Sogndal om han skulle få sjansen til å prøve seg for fylkets beste lag.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse