- 27/10-14
- Nyheter
Småjentelaget spela også KM-finale i 2008

Tambar sitt småjentelag har hatt ein glimrande sesong, og spelar denne veka om KM-tittelen mot Syril. I tillegg vart laget avdelingsvinner, og laget gjorde det godt i årets Norway Cup.
Også i 2008 hadde Tambar eit bra småjentelag, trena av Nils Paulen. Også desse jentene dette året vart avdelingsvinner og spela KM-finale. Laget møtte Gaular til avgjerande kamp på Naustdal stadion 18.oktober 2008, der laget tapte med knepne 1-2. Mange meinte dette var svært så ufortent, etter at Tambarjentene hadde vore det beste laget kampen igjennom.
Dette skreiv vi på vår heimeside etter kampen:
«Tap i siste minutt
Tambar sine småjenter tapte i dag KM-kampen mot Gaular 2-1, etter at Gaular fekk sett inn det avgjerande målet eit minutt før kampslutt. Surt ! Særleg var det surt å tape ein kamp der Tambarjentene var det beste laget stort sett i heile kampen, der dei spesiellt i fyrste omgang kunne ha scora både to og tre gonger. Alikevel har desse jentene hatt ein super sesong og vart avdelingsvinnar i si avdeling. Målscorar i dagens kamp var Kristina. Gratulere med ein flott sesong, jenter ! «
Bilder frå KM-kampen Tambar-Gaular 2008:
https://plus.google.com/photos/108658848518426572582/albums/5258581428093363617?banner=pwa
Denne artikkelen er over fem år gammel (27/10-14) og kan inneholde utdatert informasjon.
For nye artikler, se forsiden.