Ungdomsfotballkveld for trenere onsdag 15.oktober

Tambar Fotball arrangerer ungdomsfotballkveld på Naustdal stadion fyrstkomande onsdag, der ein har fokus på trenere/oppmenn som trenar lag i klassane 12-16 år. Trenere for desse laga i klubben, bør få med seg denne viktige økta denne onsdagskvelden, der Jan Ravnestad frå Sogn og Fjordane Fotballkrets er henta inn som instruktør.

I tillegg til trenere i nevnte aldersgrupper, er ungdomskvelden åpen for andre trenere og andre som kan tenke seg eit trenerengasjament.

Ungdomsfotballkvelden vil innehalde ein teoridel og ein praksisdel. Spelarar frå smågutelaget vil stille som objekt for praksisdelen.

Ungdomsfotballkveld
*Stemnekontoret (hallen)/Naustdal stadion
*Onsdag 15.oktober
*Teori kl.18.00-19.30
*Praksis kl.19.30-21.00
*Instruktør Jan Ravnestad, Florø/SFFK
*GRATIS

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse