NRK på Tambarbesøk for å sjå på "problembana"

Foto: Rune Fossum, NRK.

Medan dei slit med undervarme som ikkje fungerer på kunstgrasbanene sine i Sogndal og Førde, har kunstgraset på Naustdal stadion vore langt unna forventningane heilt frå dag ein.

Sjølv om gleda var stor i bygda då den nye kunstgrasbana vart åpna med brask og bram i 2008, vart skuffelsane desto større etterkvart som problema med nyedekket kom opp i dagen, nok som kom kjappare enn vi kunne ane.
Frå produsent og levrandør vart det det nye dekke betegna som nyskapande og revlusjonerande i forhold til tidligare kunstgrasbaner, der det nye kunstgraset skulle være meir slitesterkt, ha lavare frysepunkt på vinterstid, være skadeforebyggande for spelarane som brukte det og meir miljøvenlig enn andre kunstgrasbaner.

Det einaste som mulig heldt mål med lovnadane om det nye dekket, må muligens være punktet på miljøvenlig, utan at vi kan dokumentere det.
Håpet om å kunne forlenge fotballsesongen brast allerede den første vinteren etter at dekket vart lagt. Det vart lova frå produsent at den geniale grusen som ligg i kunstgraset skulle være impregnert og frostfri, noko som slett ikkje holdt mål. Tvert imot fraus grusen allerede ved null grader, og var dermed ubrukleg til trening og kampar.
Skadefrekvensen på spelarar har gått feil veg etter at kunstgraset vart lagt, og det er rapport inn langt fleire skader av spelarar enn tidligare.

Tambar Fotball er ikkje åleine om å ha problem med kunstgrasbana si, noko NRK Sogn og Fjordane har sett søkelys på inne på si heimeside i dag. NRK har vore besøk på stadion, der dei har snakka med driftsansvarlig for Naustdal stadion, Oddvar Hukset og leiar i Tambarskjevar Fotball, Bjørn Hundershagen.

Les om saka på NRK Sogn og Fjordane: http://www.nrk.no/sognogfjordane/mange-klubbar-slit-med-kunstgraset-1.11961676

Sjå bilder av åpninga av Naustdal stadion 2008: https://plus.google.com/photos/108658848518426572582/albums/5238196117491570017?banner=pwa

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse